En annerledes festivalsommer i Ryfylke – Avlyser flere arrangement

På grunn av den pågåande koronasituasjonen blir diverre årets utgåve av både Saudadagane, Ryfylkedagane og Strandadagene avlyst. Arrangørane avlyser arrangementa med tungt hjarte, men tryggleik og redusering av smitterisiko veg tyngst, står det i en felles pressemelding.

– Dette er ikkje ei enkel avgjerd for oss. Me hadde sjølvsagt gledd oss til å lage folkefest og god marknadsstemning i kommunane våre, men no er liv og folkehelse mykje viktigare fortel prosjektansvarleg Marit Larsen i Ryfylkedagane, Ragnar Fosstveit i Saudadagane og Elin Aasheim Rossemyr som er sentrumsleiar i Jørpeland.

Festivalane i Suldal, Sauda og Jørpeland har lange tradisjonar og er blitt faste møtepunkt for mange siste helga i mai, første og andre helga i juni. No avlyser komiteen for både Ryfylkedagane, Saudadagane og Strandadagene årets festivalutgåver. Larsen, Fosstveit og Rossemyr viser derimot til dei vil bruke sommaren og hausten til å skape gode møtepunkt for Suldal, Sauda og Jørpeland når tida er inne for det. Dei har alle gode dialogar til lokalt næringsliv, kultur, lag og organisasjonar som også gledde seg til dei store arrangementa i kommunane våre, men som no er klare til å bidra i 2021.

-Arrangement i omfang som Ryfylkedagane blir det nok ikkje rom for denne sommaren, men det betyr ikkje at ein ikkje kan skape rom for lokale handelsdagar og kulturarrangement med gode møtestadar i 2020. Me må kome tilbake til det når me ser korleis denne situasjonen utartar seg. Men haustmarknaden 3.oktober, i starten av haustferien i Suldal, den kan me gjere meir ut av som møteplass om restriksjonane tilseier det. seier Larsen.

– Bønder i Byn arrangerast siste helg i haustferien og me vonar sjølvsagt at tida vart annleis slik at ein kan skapa trivelege aktivitetar og hendingar i denne perioden. Me ser fram til å invitere store og små til haustmarknaden, og vil minne alle om at sentrum og alle dei flotte butikkane er her og treng oss meir enn nokon gong i desse tider, fortel Fosstveit

– Me har tru på ekstra kjekke festivaldagar i 2021. For datoane har me klare om ikkje anna sier dei i kor.

Saudadagane blir 26-30 mai, Ryfylkedagane 4-6 juni til neste år og Strandadagene 10-12 juni.

Både Marit Larsen, Ragnar Fosstveit og Elin Aasheim Rossemyr gler seg til å ynskje besøkande, gjester og folk frå heile distriktet velkomne til ryfylkekommunane igjen. Det blir ikkje det same å visa natur eller kulturopplevingar på nett, me vil og ha dykk på besøk fysisk.

Me er saman veldig klare til å opne festivaldørene neste år!

Legg igjen en kommentar