Foreldre slipper å betale for barnehage og SFO

Foreldre slipper å betale for barnehage og SFO så lenge tilbudet er stengt grunnet koronautbruddet. Og barnehagene får kompensert dette tapet fullt ut av staten. Slik unngår vi permitteringer i barnehagene, skriver Kunnskapsdepartementet i en pressemelding tirsdag kveld.

Videre heter det i pressemeldingen:

Barnehagane og skulane er no stengde grunna koronautbrotet. Dette har økonomiske konsekvensar for både foreldre og barnehagar. No har regjeringa bestemt at foreldre skal sleppe å betale, og at barnehagane skal få dekka bortfall av foreldrebetaling. I tillegg skal barnehagane framleis få utbetalt det vanlege tilskotet frå kommunen.

– Dette vil gje barnehagane og SFO i offentlige skoler økonomiske rammevilkår som er stabile, og eg forventar at vi unngår permitteringar. Dersom nokre barnehagar likevel skulle permittere tilsette, vil kompensasjon og tilskot bli avkorta, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby.

Regjeringa har vedteke at alle landets barnehagar og skular førebels er stengde grunna korona frå 12. mars til 26. mars. Perioden kan bli forlenga. Helsedirektoratets retningslinjer for stenging av skule og barnehage gjer unntak for barn og unge med særskilte omsorgsbehov, og barn av foreldre med kritiske samfunnsfunksjonar.

-Barnehagane og SFO har ei viktig oppgåve med å gi tilbod til barn av personar som arbeider med samfunnskritiske oppgåver. I tillegg sikrar tiltaket barnehagetilbodet til ti tusenvis av barn den dagen situasjonen er over, og barna skal tilbake i barnehagen, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby.

Tiltaket frå regjeringa vil koste omlag 1 milliard kroner i månaden så lenge barnehagar og SFO er stengde.

One Comment

Legg igjen en kommentar