Karantene regler i Hjelmeland fra 22.03.2020

1. Alle som kjem til Hjelmeland kommune, som har vore utanfor kommunegrensa i områda nemnt i punkt 2, blir ilagt heimekarantene i 14 dagar etter at dei kjem heim.

2. Vedtaket gjeld alle som har vore utanfor Rogaland med unnatak av Ullensvang kommune. Punkt ein gjeld også om du har vore i følgande kommunar i Rogaland: Karmøy, Haugesund, Randaberg, Sola, Sandnes (unntatt gamle Forsand kommune), Stavanger (unntatt gamle Finnøy Kommune), Hå, Time og Gjesdal.

3. Reisande med symptom skal umiddelbart i isolering og kan ikkje bruke offentleg transport.

4. For personer som utviklar sjukdom eller symptom i karanteneperioden, gjeld myndighetene sine  gjeldande føringar for konvertering av karantene til isolasjon

5. Transittopphald på lufthamn blir ikkje rekna som opphald i området.

6. Medisinske naudsynte besøk til helseverksemder er ikkje omfatta av karantene reglane. Det same gjeld besøk til alvorleg sjuke familiemedlemmar og deltaking i gravferd.

7. Naudsynte jobbrelaterte reiser er unnateke karantenereglane under føresetnad av at råda frå FHI når det gjeld avstand og hygiene vert følgd.

8. Næringsverksemd som må gjennomførast for å unngå store konsekvensar av samfunns messig art kan gjennomførast om arbeidstakarar frå område som er nemnd under punkt 2 følger reglane om karantene så lenge dei er i Hjelmeland kommune, dette gjeld og på arbeidsplassen.

9. Førar og personell av varer og passasjertransport er unnateke frå dette vedtaket sitt karantenekrav, men nasjonale føringar for karantene og isolasjon gjelder. Dette omfattar også personell som er naudsynt for å gjennomføre transporten.

10. Leiinga av verksemder som er lista opp etter DSB sin definisjon av samfunnskritiske funksjoner blir gitt løyve til å gjere unntak for eiga nøkkelpersonell når dette er strengt naudsynt for å oppretthalde forsvarleg drift av kritiske samfunnsfunksjoner.

11. Det er ikkje utreiseforbod.

Vi setter stor pris på donasjon av valgfritt beløp for å ha lest artikkelen.
*Alle donasjoner behandles konfidensielt

One Comment

Legg igjen en kommentar