KrF Strand – Nei til alkohol på idrettsarrangement

Heilt under radaren har eit klart fleirtal i levekårsutvalet bestemt seg for å liberalisera alkoholpolitikken i Strand. Nå håpar eg verkeleg at kommunestyret tar “til vet” når saka skal opp onsdag 29. april.

Dei viktigaste endringane som fleirtalet har gått inn for er:

– Ja til å selja alkohol på idrettsarrangement
– Ja til å ha ope på valdagar – og heilt til kl 18 før heilagdagar
– Ja til å servera brennevin på uteserving

Det er mest ikkje til å tru at eit så å seia samla politisk miljø i Strand ønskjer å liberalisera alkoholpolitikken når me veit kor store problem og utfordringar me har med rus. Auka tilgjengelegheit fører til auka rusbruk, det viser all forsking. Og auka rusbruk viser snart att i budsjetta våre, og dei er jammen tronge nok som dei er. Men det aller verste er sjølvsagt at fleire enkeltbarn og enkeltmenneske vil måtta betala prisen. Dette veit me så inderleg vel, og likevel vil me sleppa meir opp?

Strand kommune sin eigen Av og til-koordinator åtvarar tydeleg og godt mot denne liberaliseringa i rådmannen sitt eige saksframlegg. Likevel konkluderer både rådmannen og altså eit klart fleirtal av levekårspolitikarane at dette er greit.

Eg håpar at fornuftige politikarar frå alle parti forstår kor ulogisk og skadeleg eit slikt vedtak er. Kvar for seg gir endringane kanskje ikkje store bevegelsen i liberal retning, men når alle undersøkingar tilseier at me heller bør strama inn enn å sleppa laus rusbruken, er dette heilt feil veg å gå.

Særleg problematisk finn me det at idrettslag og andre skal kunne få servera alkohol på ulike typar arrangement. Dette blir å eksponera barn og unge for rusbruk på nok ein arena – som om ikkje det er nok alkohol-pushing i samfunnet frå før. Me treng å slå ring om dei rusfrie arenaene me har.

Strand KrF vil derfor fremja forslag om å oppretthelda dagens regelverk, og håpar at eit fleirtal vil slutta seg til dette.

Skrevet av: Trond Hjorteland, Strand KrF

Vi setter stor pris på donasjon av valgfritt beløp for å ha lest artikkelen.
*Alle donasjoner behandles konfidensielt

Legg igjen en kommentar