Løyve til ny kraftledning mellom Dalen, Veland og Hjelmeland

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har gitt Lyse Elnett løyve til å bygge en ny 132 kV kraftledning i de to kommunene Hjelmeland og Strand i Rogaland.

Lyse Elnett har fått konsesjon til å byggje ein ny ca. 30 kilometer lang 132 kV kraftleidning mellom Dalen, Veland og Hjelmeland transformatorstasjonar. Det vert òg gitt løyve til bygging av nye Veland og Hjelmeland transformatorstasjonar.  

Auka straumforbruk i området

Bakgrunnen for vedtaket til NVE er at dagens 50 kV kraftleidning er gammal og at den ikkje har nok kapasitet til å sikre forsyning av straum til det aukande forbruket i området. I Hjelmeland kommune er det mellom anna eit sterkt aukande forbruk på grunn av elektrifisering av ferjer, og Strand kommune opplever stor næringslivsvekst. Det er og ny fornybar kraftproduksjon i regionen som krev auka straumkapasitet.  

– NVE har konkludert med at tiltaka det er søkt om er nødvendige for å oppnå tilstrekkeleg kapasitet og forsyningssikkerheit, og at det vil legge til rette for det auka forbruket i regionen, seier Lisa Vedeld Hammer, seksjonssjef for nettkonsesjon i NVE.  

Val av trasé

Ny 132 kV leidning skal hovudsakeleg etablerast parallelt med den gamle 50 kV leidninga, men vil stadvis byggjast i heilt nye trasé. På strekninga mellom Paddevatnet og Skodbraud vart det søkt om fleire traséalternativ, og NVE har her gitt løyve til dei vestlegaste alternativa. 

Den nye kraftleidninga vil over Holtaheia kryssa «Moldhesten» der det er kystlynghei, som i følgje naturmangfaldlova er ei utvald naturtype. NVE har difor satt vilkår om at Lyse Elnett skal ta omsyn til naturtypen i anleggsarbeidet for leidninga. Strekninga over Moldhesten vil vere om lag 2 kilometer.

Les meir om vedtaket her.

Vi setter stor pris på donasjon av valgfritt beløp for å ha lest artikkelen.
*Alle donasjoner behandles konfidensielt