fbpx

Nå åpner historisk vandrerute gjennom Viglesdalen

Den nye hytta i Viglesdalen i Ryfylkeheiane gjorde susen på besøkstallene og denne hytta opplevde en dobling av antall besøkende i fjor. Foto: John Petter Nordbø

Dei første føtene trakka på stien for 9000 år sidan. No blir «Driftavegen gjennom Viglesdalen» den aller første historiske vandreruta i Rogaland.

Kvart år trør mange tusen tursko på dei flotte steinhellene som ein gong blei lagt ned for heiefolk og drifter. Driftavegen gjennom Viglesdalen følgjer ei eldgamal rute over fjellet. Dei første føtene som trakka opp stien, tilhøyrde jegerar som følgde villreinen for snart 9000 år sidan. Det er altså verkeleg ei rute med historisk sus som no får offisiell status som Historisk vandrerute.

Ruta går i Hjelmeland kommune, mellom Nes i Årdal og Nilsebu. Undervegs går ruta forbi tre av Stavanger Turistforening sine hytter: Viglesdalen, Stakken og Nilsebu.

  • Dette er ein flott tur gjennom noko av Ryfylke sitt aller flottaste fjellterreng. No får turen ein heilt ny dimensjon med ny og betre informasjon om alle dei interessante tinga ein ser på vegen, seier dagleg leiar Preben Falck i Stavanger Turistforening.

Det er gjennomført kartlegging av fornminne langs ruta, og det er gjort ei rekkje interessante funn. Med etableringa av den historiske vandreruta blir den spennande historia i området meir tilgjengeleg for folk gjennom informasjonsplakatar langs stien og på hyttene.

  • I dag ligg Viglesdalen som ein naturskjønn og avsides fjellidyll, men tidlegare har garden vore eit knutepunkt for handel og ferdsel over fjellet. I vikingtida og tidleg mellomalder produserte jernvinna i Setesdal store mengder jern som vart frakta langs handelsrutene over fjellet. Dette må ha gjort Viglesdalen til ein rik og mektig gard, og spor etter fleire langhus og nausttufter vitnar om at folk har budd her i lang tid, seier arkeolog Jennica Svenson frå Rogaland fylkeskommune.

Etablering av den historiske vandreruta er eit samarbeid mellom Stavanger Turistforening, Hjelmeland kommune, Rogaland fylkeskommune og Riksantikvaren, støtta av Miljødirektoratet.

  • Historiske vandreruter gir deg flotte friluftsopplevingar i kombinasjon med spennande kulturarv. Det veit me mange er interesserte i! I år er det opna to nye ruter, Driftavegen og Hallingskeidvegen. Saman med dei andre rutene bidreg dei til at ferdselsminna framleis er synlege og at ein også i framtida kan oppleva den unike kulturarven knytt til dei, seier riksantikvar Hanna Geiran.

Invitasjon til opningsmarkering 17. september

Den offisielle opninga skjer på parkeringsplassen på Nes kl. 15.00 torsdag 17. september.

Opningsmarkeringa har mange spennande innslag, og det blir mellom anna ei høgtideleg avduking av eit informasjonsskilt, som markerer starten på den historiske vandreruta. Det blir også underhaldning ved Marie Klåppbakken og Ståle Strømsvold.

Program for opninga:

  • Ordførar Bjørn Laugaland i Hjelmeland kommune ynskjer velkomen
  • Styreleiar Per Hanasand i Den Norske Turistforening
  • Riksantikvaren, ved seksjonssjef Leidulf Mydland
  • Rogaland fylkeskommune, Siv Anita Lundø Vikshåland fortel om kulturhistorisk registrering langs ruta.
  • Opning av Driftavegen gjennom Viglesdalen, ved fylkesordførar Marianne Chesak.

På grunn av omsyn til smittevern er vi nøydd til å registrera alle som vil vera med på opningsmarkeringa. Påmelding ved å fylla ut skjema: https://forms.gle/vfhJEt5YJj2A9Hu56

Vi setter stor pris på donasjon av kr 1 eller valgfritt beløp for å ha lest artikkelen.
*Alle donasjoner behandles konfidensielt