Pressemelding fra Hjelmeland kommune: Lokale karanteneregler gjeldende f.o.m. 22.03.2020

Kommuneoverlegen i Hjelmeland gjer følgande vedtak etter smittevernlova paragraf 4-1, 5.ledd (bokstav d) for å stoppe spreiing av Covid-19 og bidra til å oppretthalde naudsynte helse- og omsorgstjenester. Vedtaket gjeld f.o. 22.03.2020, kl. 21:00

Vedtaket har verknad frå og med 22.3.2020 kl. 21.00 og gjeld i ei veke, eller fram til nytt vedtak er fatta.

Les de lokale karantenereglar gjeldande f.o.m. 22.03.2020 her

Covid-19 er erklært som eit alvorleg utbrot av allmennfarlege smittsame sjukdom som kan få alvorlege helsekonsekvensar for mange menneske. Sjukdommen er også erklært som en pandemi og ein alvorleg hending når det gjeld internasjonal folkehelse av verdens helseorganisasjon.

Helsedirektoratet vedtok 12.3.2020 omfattande tiltak for å hindre spreiing av Covid-19 og for å bidra til å oppretthalde naudsynte helse- og omsorgstenester. Demografisk har Hjelmeland utfordringar  med ein stor del av befolkninga over 60 år.

FHI har heile tida oppfordra til å gjere lokale vurderingar. Me har per i dag ingen påvist koronavirussjukdom i vår kommune, og som ein sårbar region er det vårt ansvar å gjere det me kan  for å halde det slik lengst mogleg. Det er sannsynleg at vi allereie har koronavirussjukdom i  kommunen, men vi må gjere alt vi kan for å hindre lokal spreiing.

Hjelmeland kommune ligg tett opp til Stavanger og Nord- Jæren. I denne regionen er det stor smittefrekvens. Hjelmeland kommune er ein kommune med relativt sårbare funksjoner i primærhelsetenesta. Dette gjeld både innan lege- og omsorgstilbod. Ein vil og peike på totalt vil ein etter kommuneoverlegen si vurdering kunne utsetta større smittespreiing i Hjelmeland for ein periode. Karantene vil redusere kontakt mellom personar frå Nord- Jæren og Hjelmeland. Formannskapet i nabokommunen Suldal gjer tilsvarande vedtak. Dette vil igjen gje eit enno større område kor ein reduserer personkontakt og slik utsetter ein smittetopp.

Per dato ser Hjelmeland framleis ut til å være i fase 1 av epedemien. Nord- Jæren ser no ut til å være i fase 2 med fleire tilfelle av smitte utan sporbar smittekjelde i samfunnet. Per dato er ikkje smitte påvist i Hjelmeland. Med 40 negative av 40 gjennomførte teste er smitte ikkje påvist.

Utifrå geografiske og demografiske føressetnader kan ein sjå at byregionar gjekk raskare over i fase to enn det som er tilfellet i Hjelmeland. Sjølv om ein ikkje kan seia at dei karantenereglane som vart innført 15. mars har hatt stor betydning for smittespreiiinga i kommunen, meiner me at det kan ho vore eitt bidrag til å bremsa smittespreiing saman med alle dei andre tiltaka som har blitt innført nasjonalt og lokalt mtp handhygiene, sosial distansering, digitalisering av kommunale møter, stengde skular og omsorgssenter, eigen klinikk for pasientar med luftvegssymptom, m.m.

Målet med gjeldande vedtak er å forsøka å bremse utviklinga vidare. Dette vil gje oss enno betre tid til iverksetta tiltak rundt våre omsorgsinstitusjonar og vår totale helseorganinsasjon.

Mellom anna kan me førebu oss ved å etablera eit godt opplegg for smittesporing. Me har tatt høgd for og fysisk etablert ei avdeling for kohortisolasjon, men me arbeider framleis med å bemanna ei slik avdeling.

FHI har sagt at det ikkje er sannsynleg at slike lokale tiltak i tråd med smittevernlova har nokon effekt, men kan ha mange negative konsekvensar. Som kommuneoverlege i Hjelmeland meiner eg at ein ikkje kan sjå bort ifrå at dei kan ha effekt, noko fylkesmannen i Møre og Romsdal og påpeiker gjennom sitt brev til kommunane i sitt fylke 20.03.2020. Så lenge vi ser ut til å vera i ulike fasar i epidemien regionalt, vil dei samfunnsmedisinske argumenta vera nøyaktig dei same som då Noreg ennå var i fase 1 og satte liknande karantenekrav på innreisande frå områder i fase 2. Det nasjonale forbudet mot opphald på fritidsbustad vil etter vår meining slå godt ut for Hjelmelane, på tross av dette ser me som nemnd lokale utfordringar.

Vedtaket tek hensyn til næringslivet i Hjelmeland spesielt slik at ein kan balansere formålet med vedtaket mot nødvendigheita for vidare næringsdrift. I veka som har gått har me saman med næringsaktørar funne løysingar slik at viktig arbeid kan fortsetta, no har me prøvd å arbeida dette inn i vedtaket, og me vil fortsetje det gode samarbeidet.

Vurderinga vert difor at eg vel å fortsetta vedtaket frå 15.03.2020, med nokre endringar. Endringar som kjem fram i vedtaket:

– Vedtaket er tatt for ei veke eller fram til nytt vedtak.

– Dersom det skulle komme nasjonale vedtak som gjer at vårt lokale vert overflødig, vil eg snarleg gå inn for at me oppheve det lokale vedtaket.

– Onsdag 25. mars vert ei sak om særlege karantenereglar for Hjelmeland handsama i formannskapet.

Legg igjen en kommentar