Pressemelding- Gitarkonsert med norsk-brasilianske Tino Luedy Andersen

Den norsk-brasilianske gitaristen Tino Luedy Andersen inviterer til gitarkonsert i Jørpeland kyrkje laurdag 29. februar kl. 18.00.

På programmet står ein variert, vakker og virtuos konsertmeny, mest i det latinske musikalske hjørnet med musikk frå Mexico (Manuel Ponce), Spania (Miguel Llobet), Argentina (Astor Piazzolla), Italia (Mario Castelnuovo-Tedesco) og Uruguay (Augustin Barrios).

Tino Andersen byrja å spele gitar i 12 års-alderen og har utdanninga si frå Østlandets Musikkonservatorium i Oslo, Griegakademiet i Bergen og Guildhall School of Music and Drama i London. Han fekk svært gode kritikkar for debuten sin i 1997 og har sidan spelt konsertar i Brasil, Sverige, England, Italia og USA.
Fredag 28. februar blir det masterclass for noen av dei unge talenta i Strand og Stavanger. Tino er kjend som ein svært dyktig gitarpedagog og talentutviklar og har vore primus motor for både Bergen Internasjonale Gitarfestival og Norsk Gitarfestival på Hamar. Han er i dag sponsa av D’addario, ein av verdas fremste produsentar av gitarstrengar.

Sjå også Tino si heimeside: https://www.tinoandersen.com/

Legg igjen en kommentar