Pressemelding: Suldal kommune kjøper sentralt heieområde ved Gullingen

Suldal kommune har skrive intensjonsavtale om å kjøpa  1740 dekar heieområde ved Gullingen av Jorunn og Sverre Herabakka. I arealet som det no er gjort ein avtale, om ligg det fleire viktige skiløyper og turløyper som er mykje nytta, og området grenser til andre område som kommunen eig frå før. 

Ordførar Gerd Helen Bø seier at kjøpet er eit strategisk kjøp for å sikra ålmenta god tilgang til friluftsområdet kor det i mange år har vore ljosløype, oppkøyrte skiløyper og tilrettelagt skileikområde.  «Nå sikrar me dette unike området, som utfartsområde for suldølen, dagsturområde for dei mange hundre hyttene som er her, og ikkje minst som aktivitetsområde for Gullingen leirskule».

Seljarane; Jorunn og Sverre Herabakka, er også godt nøgd med avtalen som dei ser på som ein grei utgang på diskusjonar som i lengre tid har gått mellom dei og kommunen. Endeleg kjøpsavtale er avhengig av kommunestyret si godkjenning og at salet blir godkjent av sentrale myndigheiter.

På hovedbilde: Rådmann Øyvind Valen, grunneigar Jorunn og Sverre Herabakke og ordførar Gerd Helen Bø som er nøgde med å ha intensjonsavtalen klar. Foto: Suldal kommune